søndag 29. januar 2012

Skitur til Jargolane og Seljesete 29. januar

 Asbjørg ringde - takk henne for det! Skal me på ein tur med hundane? Jaaa - seier eg. Det vert til at me tek med fire hundar og brukar hennar bil som er firhjultrekkar for å komma oss opp på Brunestegen. Der er det trongt om parkeringa, men me får plass. Planen er å gå opp på posten på Jargolane, for der har ikkje Asbjørg vore før.


Det er fint føre, det er skispor oppover, men dei er såpass bratte at me tek ein omveg. 

 
Plutseleg går det nokre orrfuglar på vengene. Så nokon til. Det er ikkje hundane som har skremt dei opp. Men når hundane kjem seg opp i lia går det ut fleire.

Eg rekk å få av meg sekken og byte objektiv til tele. Kjem det fleire? Der, der kjem det to til. Fugl etter fugl kjem på vingene. Til slutt har me talt minst 14 fuglar. det er flest hannar av ein eller anna merkeleg grunn.

Hundane har mykje arbeid med å undersøka der fuglane har loge i dokk.
Dette er Xmilla som har kobla inn krabbegir og sett på aircondition anlegget....

Hundane har det som i paradis!


 Slik ser det ut når ein orrfugl vert skremt på vingene frå dokk.

Me går vidare oppover mot Jargolane.
Været er supert. Føret er supert. Kan me ha det bedre?

Asbjørg skriv oss inn i boka. Kassa var full av snø - men no stakk ho i all fall opp av snøen.
Det gjorde ho ikkje sist gong eg var her.

Me bestemmer for å gå til Seljesete og ha kaffipause der.
Det er nesten vindstille og utruleg flott!
Her dukkar Seljesete opp med stølen Rysete i bakgrunnen.

Me har stølshus på Seljesete. Mange av stølshusa er ombygde til flotte hytter, men vårt stølshus er uendra. Einaste endrinag er den orkanen Dagmar har gjort. Veggen er meir vindsleten enn nokon gong og eit bord er borte. Men det ligg ny panleg klar, for denne veggen skulle bytast ut. Verre er det at steinen på pipa har blose av...

Det er fleire som har teke turen til Seljesete - så me får ein fin pause i solveggen hjå ein gjestfri hytteeigar! aldri smakar kaffi og sjokolade betre enn til fjells!

Utsikta frå solveggen.


 Fjellet Hest i all sin prakt.

Me takkar for kaffipausen og set kursen mot Brunestegen att.

Sola byrjar å gla' så det vert kaldare.

Hytteeigaren er sprekare på ski enn oss, og me må også vente på hundane som berre MÅ undersøkje alle dei spennande spora etter orrfugl, rype, hare, rev og røyskatt.

Sjølv om ein skigåar har passert først, Mira og Aya etterpå, klarer Xmilla å få med seg at det ligg ei rype i dokk like ved skisporet. Ho kastar seg rett til sides for meg og får rypa på vengene. Er heilt roleg og oppfører seg eksemplarisk på alle måtar. Tenk å hatt eit videokamera klart der og da...

Stilige skyer.


Me er framme med bilen akkurat når sola går ned. No er det -10 grader, så det vert godt å komma seg heim, både for tobeinte og firbeinte. Eg er så heldig at gjestene mine har laga klar ei fransk lammegryte, så eg rekk ein kjapp dusj før eg kan setje meg til dekka bord. Husmorferie med stor H - med andre ord.


 


Her er kart som visar kvar og kor langt me gjekk i dag. Me parkerte i Brunen/Brunestegen som er rett ovanfor Gaupne. Så gjekk me opp om Riis, gjetarknubben og til Jargolane. Så fin veg inn til Seljesete. Heim att tok me den nederste vegen., men dei som hadde laga løypa var nok ikkje heilt lokalkjent ut frå trasèvalet.... Totalt ca. 8 km i luftlinje. 

1 kommentarer: