Det er sikkert 15 år sidan eg gjekk denne turen forrige gong, så det var moro å gå ein ny stad. Parkerte på rasteplassen og hadde godt selskap av Asbjørg og Mira. Det er berre ca. 1 km å gå frå rasteplassen vist på kartet til posten. Frå posten via Ottane til fylkesvegen er det ca. 1,5 km. dersom du vel å gå rundtur må du gå ca. 1,5 km på fylkesveg 55. Gardstuna er høgaste punktet på vegen og dei ligg ca. 150 meter over havet.
Berget der stien og fylkesvegen går, sett frå fjorden i 2006. det har nok ikkje endra seg stort sidan den tid...
Utsikta sørover frå rasteplassen.
Stien opp frå rasteplassen/fylkesveg 55 er forferdeleg bratt og dårleg. Kan ikkje kallast anna enn ein geitesti! Ned var det endå verre. Synd at det ikkje er bevart meir av den gamle vegen då fylkesvegen/riksvegen vart bygd/utvida. Her burde det ha vore gjort eit tiltak dersom det er ynskjeleg at folk går på tur på den gamle vegen til Ottane... det einaste nye eg kunne sjå var skiltet som viser at her går ein inn i eit naturreservat.
Når ein har komme seg opp i den gamle vegen er det flott å gå! Men det har rasa ut litt stein nokre stader. stien er ikkje merka og informasjonstavla som skal stå på rasteplassen var øydelagt.
Stien går gjennom Bargarden naturreservat - les meir om reservatet her.
Dagmar hadde vore på besøk i naturreservatet også og dette treet låg tvers over vegen.
Så går me ut av naturreservatet.
Snart er me høgt over fylkesvegen.
Posten i sikte høgt der oppe på mastestolpen!
Posten. I følge boka var me dei fyrste som var her i 2012. Rart - for tidlegare år har det vore mange fleire her tidleg på våren... Frå posten er det utsikt mot ein av dei gamle plassane, Berget, som høyrde til Ottane. Herfrå er det fint å gå til husa på Ottane som er eit klyngetun. I etterkant har eg lurt på om når det står Berget på Ottane - så meiner dei ikkje den gamle vegen i berget, men plassen Berget.... Det er nok mykje finare og lettare å gå nede frå fylkesveg 55 på bilvegen til Ottane og så vidare til denne plassen Berget.
Dette er første del av innmarka på Ottum. Den gamle vegen gror snart heilt att...
Stien går i hårnålsvingar ned att. Om sommaren må det vera som i ein jungel å gå her, då all krattskogen veks til...
Dette er stien...
Det er luftig eit par stader!
Kjekt å få nokre bilder av seg sjølv også. Asbjørg er fotograf.
Kjerringholet - ein fantastisk naturformasjon som både er fasinerande og skummel. Holet er STORT og det er langt ned!
Utsikt mot Luster og sprekka i fjellet som er med på å danna Kjerringholet.
Nesten tilbake ved bilen att. Rett over rasteplassen.
Det hadde nok vore finast å gå heim via Ottane - men å gå langs fylkesvegen på denne strekninga er risikosport. På innsida er det bratte berget - på utsida er det rett i fjorden...
Fylkesvegen sett frå fjorden i 2006. Den formeleg klamrar seg fast i loddrette berget i dette området.
Fylkesvegen sett frå fjorden i 2006. Den formeleg klamrar seg fast i loddrette berget i dette området.
Konklusjon: Dette er ein tur med potensiale - men det er ein del ting som bør gjerast med tilkomst, rydding, merking, informasjon osv. Dersom denne vegen ikkje vert teken vare på, vil den snart rasa ut, gro att og bli heilt borte...
På vegen køyrer me forbi ein fantastisk flott hafe som er stappfull av vårblomar. Eit syn å sjå!
Det er fint langs fjorden no tidleg på våren.


























































